Førespurnad om dåp


Orientering ved innmelding av dåp


For å starte utfyllinga trengst eit 11-sifra fødselsnummer. NB! Dersom du ikkje har barnet sitt fødselsnummer enno, kan du bruke ditt eige til innlogging. Du vil få ein kode på SMS for å gå vidare i prosessen.

Vel kyrkje og to datoar der det er ledig plass.

I første omgang er det nok å fylle ut namn på barnet og kontaktinformasjon til dykk foreldre. Det er mogeleg å sende påmeldinga sjølv om de ikkje har bestemt namn enno.  HUGS likevel at namnet til barnet må vere meldt inn og registrert i Folkeregisteret (Skatteetaten) FØR dåpen.

Etter at dato for dåp er stadfesta av oss, kan de seinare gå til "Jeg vil åpne en registrering", og oppdatere opplysningane, til dømes ved å legge inn fadrar. Bruk same person - og telefonnummer som ved første innlogging.

Ved dåpen vert barnet medlem i Den norske kyrkja. Opplysningane vi samlar inn i samband med dåpen vil bli nytta i samband med oppfølginga av dåpen, t.d. ulike trusopplæringstiltak.