Gravlegat – kjøp av teneste for gravstell
Folk ynskjer at det skal sjå fint ut rundt gravstøttene sine på kyrkjegarden, og dei fleste får det til på eigahand. Men for dei som bur ein heilt annan stad, er det verre å kunna halda auge med livet til plantene ved minnesmerket. Det finst eit tilbod for både desse og alle andre som ynskjer hjelp til å vedlikehalda sitt område på kyrkjegarden, noko som kallast for gravlegat.
Tidlegare har sokneråda tilbydd denne tenesta for publikum, men no har arbeids- og treningssenter Luster ATS overteke denne oppgåva. Alle avtalar i høve gravlegat og gravstell vert inngått med ATS, både pris og praksis.
Ynskjer du hjelp til gravstell og vil oppretta gravlegat, ta kontakt med kyrkjekontoret (tlf.nr 57685647), eller Luster ATS (tlf.nr 57685735/99459374).
NB! Den gjeldande grava må vera festa, men festeavgifter inngår ikkje i gravlegatet.