No kan du sjølv sjekke medlemstatus i kyrkja og føreta deg inn og utmelding. Klikk her.
Inn- og utmelding på nett
|
|
No kan du logge deg inn gjennom id-porten for å sjekke om du står oppført i medlemsregisteret til Den norske kyrkja.
- Med 3,8 millionar medlemer treng kyrkja enkle og gode ordningar for å halda medlemsregisteret ajour. Derfor har Kyrkjerådet no lagt til rette for at den einskilde sjølv kan nytte bank-id eller annan elektronisk identifikasjon og rette feil direkte i databasen til medlemsregisteret. Gjennom id-porten er det opna både for innmelding i og utmelding av kyrkja, seier direktøren i Kyrkjerådet, Jens-Petter Johnsen.
For å bli registrert som medlem av Den norske kyrkja må ein vere døypt.
I fleire år har kyrkja møtt kritikk for feil og manglar i medlemsregisteret og det er framleis nokre feil i medlemsregisteret. Nylege endringar i kyrkjelov og forskrift om innmelding i og utmelding av Den norske kyrkja er i hovudsak gjort med tanke på innføring av nettbasert løysing for inn- og utmelding.
Løysinga gjev brukaren dokumentasjon på dei elektroniske handlingane gjennom attestar som ein kan lagre eller skrive ut. Samstundes blir det sendt melding til det aktuelle soknet om dei innmeldingane og utmeldingane som er gjort gjennom id-porten. Den tekniske tryggleiken rundt id-porten tilfredsstiller krava til trygg handsaming av personsensitive opplysningar.
Den nye løysinga er eit supplement til andre måtar å melde seg inn i eller ut av kyrkja på. Dette vil seie at folk framleis kan sende førespurnad om utmelding til det lokale kyrkjelydskontoret, og desse blir handsama på same måte som tidlegare.
Du finn innlogginga til id-porten her