Torsdag 7 august kl. 15.00 vert det ringt med kyrkjeklokkene rundt omkring i Sogn.
Foto: Bo Mathisen
Lista over kyrkjer nedanfor er med atterhald om at den er ufullstendig, då nye kyrkjer kjem til undervegs som ein får kartlagt moglegheitene. Det vert i skrivande stund arbeidd med at det også vert ringt frå fleire kyrkjer.
Det vert ringt med kyrkjeklokkene for å kalle til bøn, og uttrykke solidaritet med sivilbefolkninga på Gaza. Slik vert kyrkja sin uro og protest mot lidingane uttrykt. Sjå også tidlegare uttalar frå biskopane i Den norske kyrkja.
Kyrkjeklokkene gir lyd til det vi kjenner på, på ein annan måte enn ord. Dei kallar til bøn, og oppmodar om å tenne lys i mørket. Så langt er det klart at det vil bli ringt i desse kyrkjene:
- Hafslo kyrkje, Luster.
- Fet kyrkje, Luster.
- Jostedal kyrkje, Luster.
- Stedje kyrkje i Sogndal. Open kyrkje, prest til stades.
- Ølmheim kyrkje i Sogndal.
- Vik kyrkje.
- Begge kyrkjene i Årdal kommune, Farnes og Årdal kyrkjer. Open kyrkje, prest til stades.
- Hauge kyrkje, i Lærdal. Open kyrkje.
- Vangen kyrkje, Flåm kyrkje og Bakka kyrkje i Aurland. Open kyrkje.