Småtrolltrall er eit samarbeid mellom Gaupne Bedehus og Kyrkja i Luster, og er ei koseleg song -og leikesamling for born 1- 4 år, saman med føresette.
I samlinga møter vi tøylammet Krølle, som alltid gøymer seg, men som også likar klem og kos!
Etter ei god songstund finn vi fram leiker, drikke og noko godt å bite i.
Småtrolltrall er i Gaupne Bedehus, kl. 17-18, desse dagane:
Torsdag 13.februar
Torsdag 27.februar
Torsdag 13.mars
Torsdag 27. mars
Torsdag 10. april
Torsdag 24.april
Gler oss til å sjå dykk!