Her finn du dei neste datoane denne våren!
Babysong er del av trusopplæringa til kyrkja i Luster. For dei små er babysongsamlingane eit av dei fyrste møta med kyrkja.
Vi veit at song og musikk er eit viktig stimuli for barn, og gjennom songen vert det knytt kontakt mellom føresette og barn.
Kvar samling inneheld ei lita songstund med lette, fine songar og regler. Etterpå vert det servert vafler, frukt og kaffi/te.
Babysongen skjer på bedehuset i Gaupne kl. 11, desse dagane:
02.04, 09.04, 23.04

