Oppdatering i forhold til kyrkjelege handlingar og Korona


Oppdatert informasjon 20.04.20

 

Det er no bestemt at alle kyrkjelege handlingar er avlyst fram til 15. juni 2020, på lik linje med andre kulturarrangement.

Det som vert gjennomført er gravferd, dåp og vigsel. Dåp og vigsel må avtalast direkte med prest og dei det gjeld. Det har kome føringar på tal deltakarar under gravferder, som er likt uansett kva kyrkje seremonien vert halden i. Det er maks 25 pårørande pluss dei som er på jobb. Antalet er godkjent av kommunelegen i Luster.