Informasjon om konsekvensane av koronasituasjonen som kyrkje i Luster


Her finn du informasjon om kva konsekvensane av koronasituasjonen er for oss som kyrkje i Luster.

 

Kyrkjekontoret

Kyrkjekontoret er diverre stengd for besøkande, i perioden 16.mars - 19.mai (dette kan verte utvida, me føl råda som kjem frå myndigheita). Sjølv om du ikkje kan treffa oss fysisk, er me tilgjengeleg på telefon. For å snakka med kontor/kyrkjeverja, kan ein ringje: 940 54 671

Dersom du treng nokon å samtala med? Ta kontakt med prestane eller diakonen vår.

Prest, Geir Paulsen: 901 08 179

Prest, Vidar Nes Mygland: 958 65 399

Diakon, Grethe Bondevik: 926 34 028

Gudstenester

Alle gudstenester i kommunen er, som ellers i landet, avlyst. Me oppmodar om å følgje gudstenester på NRK Radio og på internett. Om ein er på Facebook kan me anbefala å følgje desse sidene: "Kyrkja i Luster", "Kyrkja i Bjørgvin", "Den norske kirke". Det er også mogleg å gå inn på Radio Luster sine nettsider og sjå opptak av gudsteneste frå Dale kyrkje. Dette var gudstenesta for palmesøndag.

Alle andre aktivitetar i regi av kyrkja er også avlyste, som følgje av Koronakrisa.

Gravferd

Gravferd vert gjennomført, men med restriksjonar på kor mange som kan delta. Antalet kan variere, alt etter kva kyrkje sermonien skal skje i, men dette vil dei pårørande verte informerte om. Å ikkje kunne samlast i sorg, på same måte som vanleg er sårt og vanskeleg for dei som opplever å mista sine nære og kjære, men det er av omsyn til kvarandre. Me oppmodar om at ein i denne perioden finn andre måtar å vise omsorg og omtanke for dei som er i sorg, når ein ikkje kan vera tilstades i sjølve gravferda.

Konfirmasjon

Konfirmasjonane som skulle vore denne våren, er utsette til hausten 2020. Sjå eigen artikkel med informasjon om datoane for dei ulike sokna.

Me er no inne i den stille veka, og skal snart feira påske. Sjølv om feiringa i år vert noko anleis enn me er vande med og kunne ynskja oss, ynskjer me dykk alle ei God Påske!