Glasmåleriet i vindauget bak altaret fangar blikket
i det vi går inn i Fortun kyrkje. Eit bilete av Kristus, staseleg kledd
i blå fotsid kjortel og raud kappe. Venstrehanda kviler mot brystet.
Med den høgre gjer han korsteiknet. Ego sum via, veritas et vita, står
det skrive under bilete, og tyder: Eg er vegen, sanninga og livet.
Den gamle altartavla ville ikkje vere med på flyttelasset då den gamle
stavkyrkja vart riven i 1883 og flytta til Fantoft i Bergen. Tavla frå
1630 hadde først katekismetekstar, men fekk i 1692 måla bilete av Aron
og Kristus, i toppfeltet Kristus på korset.
To kyrkjeklokker frå 1200-talet.
Preikestolen er frå 1879, då kyrkja vart bygd.
Døypefonten er og frå då, laga av Torkjel Asheim. Dåpsfat og dåpsmugge er i sølv, udatert.
Lysekruner er det to av, ei frå 1950 og ei frå 1997.
Orgelet er frå 1991, 19 stemmer, bygd av G.F. Husteds Orgelbyggeri i Danmark.
<span style="font-size:12.0pt;font-family:"Times New Roman","serif";mso-fareast-font-family:
"Times New Roman";mso-ansi-language:NO-NYN;mso-fareast-language:NO-BOK;
mso-bidi-language:AR-SA">Type kyrkje: Langkyrkje i tre
Vigsling: 1879
Arkitekt: E. Rusten
Byggmeister: Ukjend
Sitjeplassar: 230
Tidlegare kyrkje - Fortun stavkyrkje 1100-talet - 1883
Eit steinkast unna Fortun kyrkje, på oppsida av vegen, stod Fortun
stavkyrkje. Ho er nemnd første gong i 1323, men dei gamle kyrkjeklokkene
som følgde over i dagens kyrkje, skriv seg tilbake til 1200-talet. Det
er naturleg å tenkje at der var kyrkje i Fortun så tidleg, ja, kanskje
alt på 1100-talet. Pilegrimane på veg over fjellet til Nidaros skulle
etter skikken innom ei kyrkje og få velsigning før dei tok fatt på
turen. Stavkyrkja låg midt i ferdsleåra, og dermed er det nærliggjande å
tru at stavkyrkja tidleg hadde funksjonen som ei lovekyrkje.
Fortun stavkyrkje hadde eit høgt midtrom bore oppe av 18 stavar, og låge
sideskip. Først i 1651 fekk ho tårn, og i 1666 vart det gamle koret
erstatta av eit tømra kor i same breidd som skipet. Kyrkja hadde
svalgang på vestsida, og eit kraftig tårn bygt eit stykke inn på taket.
Stavkyrkja vart flytta til Fantoft i 1882. Etter at stavkyrkja var
riven, kom grunnmuren frå det eldste koret til synet. Muren viste spor
av eit mindre kor med apsis. Det opphavlege midtrommet og sideskipa vart
ikkje endra. Utvendig hadde stavkyrkja liggjande panel. Taket var dekt
med stein.
Fantoft stavkyrkje 1883 - 1992
Då den nye kyrkja var komen opp, fekk Fortidsminneforeninga tilbod om å
kjøpe Fortun stavkyrkje for 800 kroner. Det var for dyrt for foreninga,
men konsul F. G. Gade kjøpte ho. I 1883 vart kyrkja riven, og ein stor
del av tømmeret vart send til Bergen. Han restaurerte stavkyrkja på
garden Fantoft ved Bergen, men kyrkja som vart gjenreist der, var ulik
den som stod i Fortun. Utvendig vart den gjenreiste kyrkja utstyrt med
drakehovud, takryttar og mønekam, og førebiletet var Borgund stavkyrkje.
Verken vesttårnet eller det tømra koret kom opp igjen. Fagfolk uttalte
seinare at kyrkja vart utsett for ei temmeleg hardhendt restaurering.
Konsulen gjorde nok sitt til at ho vart så lik som råd, problemet var
berre at han kom for seint inn i biletet til at han fekk med seg alle
delane av kyrkja. folk i bygda hadde alt kjøpt noko av tømmeret.
Døypefonten var seld på auksjon og skal ha blitt nytta som grisetrau.
Altarskåpet var det ein annan bonde som kjøpte, han meinte det var
høveleg til oppbevaring av korn. Det var også mykje anna inventar som
kom på byda og som ikkje følgde med verken over i nyekyrkja, eller med
den som vart flytta til Fantoft.
Fortun stavkyrkje var den siste stavkyrkja i Noreg som vart flytta. Ho
stod på Fantoft fram til 6. juni i 1992. Då vart ho utsett for
eldspåsetjing, og den gamle stavkyrkja brann ned til grunnen. Ein kopi
av Fantoft stavkyrkje vart bygd opp igjen på stame staden og vigsla 24.
august 1997. <br style="mso-special-character:
line-break">