Urnes stavkyrkje er den viktigaste kulturhistoriske attraksjonen i kommunen. Den blei bygd omlag 1130 og er Noregs eldste stavkyrkje. Materialar frå ei endå eldre stavkyrkje blei brukt under bygginga. Dette gjeld alle utvendige utskjæringar, dvs nordportalen, to veggplankar, ein hjørnestav og gavlane i aust og vest, samt dei fleste veggplankane og to grunnstokkar. Denne stavkyrkja vert no rekna frå om lag 1070.
Inne er kyrkja prega av den varme fargetonen i det århundrar gamle furutrevirke. Kapitela er utskorne på dei synlege sidene og det er utskorne tunger over kapitela, oppover stavane. Av inventaret stammar bispestolen i koret, Kalvariegruppa over koropninga, loket frå døypefonten og lysekrona i midtgangen, frå middelalderen.
1600-talet har etterlete sine tydlege spor; benkane, dei lukka kyrkjestolane og veggmåleria i koret frå 1601. Altertavla er frå 1699 og preikestolen frå 1695.
I katolsk tid var det Maria-alter på nordsida i skipet, mot koret, og Heilag Olav-alter på sørsida. To av stavane i nord-aust vart kutta for å få plass til Maria-alteret med baldakin, på slutten av 1100-talet. Etter Maria-alteret vart teke vekk, har det vore naudsynt med avstiving. Maria-statuen og Heilag Olav-statuen er i dag på Bergen museum.
Urnes stavkyrkje er mellom dei viktigaste kulturminne i Noreg og er ført opp på UNESCO si liste over særleg verneverdige kulturminnesmerke i 1979, saman med Bryggen i Bergen og Bergstaden i Røros ("World Heritage List"). Der er kyrkja i det aller beste selskap - saman med pyramidane i Egypt og slottet i Versailles.
Stavkyrkja har sidan 1880 vore eigd av Fortidsminneforeninga. Ho er open for turistar heile sommaren, men vi har nokre gudstenester og vigslar om sommaren.
Urnes kan ein nå på vegen langs sørsida av fjorden (frå Skjolden) og med ferje frå Solvorn.
Type kyrkje: Stavkyrkje
Byggeår: ca 1130
Sitjeplassar ca 100
Dronegutta har laga denne unike vesle filmen av Urnes stavkyrkje på oppdrag frå eigaren, Fortidsminneforeningen. Våren av Grieg blir framført av Bergen Filharmoniske Orkester.
Sjå filmen her: https://vimeo.com/170586119