Luster Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Førespurnad om vigsel


Bryllaupet er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og vonde dagar, resten av livet.

Når de har bestemt dykk for å inngå ekteskap tek de kontakt med Luster kyrkjekontor i god tid, for å avtale kvar og når de ynskjer å gifta dykk. Her er kontaktinfo som de kan bruke: post@kyrkja.luster.no eller mobil: 940 54 671

Kyrkjeleg vigsel har og ei juridisk side. Det krev at formalitetane er i orden. 

Det er  folkeregisteret ved Skatteetaten som skriv ut ein prøvingsattest, altså det dokumentet som gjev høve til å inngå ekteskap i tråd med norsk lov.

Skatteetaten har ei fin side med mykje god informasjon, skjema og så vidare (opnar i nytt vindu).

De to som vil inngå ekteskap -og forlovarar dykkar, må fylle ut og signere kvar sine skjema. På grunnlag av desse skjema skriv Skatteetaten ut «Prøvingsattest frå folkeregisteret».
Dette dokumentet viser at det etter norsk lov ikkje er noko til hinder for å inngå ekteskap.

Denne prøvingsattesten må sendast, anten av skattekontoret eller av dykk, til kyrkjekontoret seinast 14 dagar før vigsla. Når de sender inn dykkar søknadar, kan de velje at Skatteetaten skal sende prøvingsattesten direkte til oss. Om de ikkje kryssar av for dette, vert attesten sendt til dykk, og så må de vidaresende til oss.

Vi stemplar og underskriv prøvingsattesten, og den dannar grunnlag for utskriving av vigselsattest etter at ekteskapet er inngått. Merk at prøvingsattesten ikkje kan vere eldre enn 4 månader når ekteskapet vert inngått. Skatteetaten opplyser at forventa handsamingstid er 5-6 veker.

Det er høve for dykk til å setje eit personleg preg på vigsla, i nært samarbeid med prest og kyrkjemusikar. Ein kan velja mellom fleire skriftlesingar, og leggja inn ulike innslag med musikk og symbolhandlingar, som til dømes å tenne lys. For meir informasjon og nedlasting av ordningar for vigsel,kan de gå inn på kva skjer i eit bryllup i kyrkja? - Den norske kyrkja

Velkomen til vigsel!

 

Tilbake