Alle rettigheter 2019 Luster kyrkjelege fellesråd

Førespurnad om vigsel


"...og dei to skal vera eitt.."

 

Vigsel i kyrkja er ei "kyrkjeleg handling av gudstenestleg karakter". Dette set grenser, men opnar samstundes for eit større "rom" over dei to som skal seia kvarandre JA.

Ta kontakt med presten i god tid for å avtale kvar og når de ynskjer å gifta dykk.

Soknerprest Geir Paulsen 57685640/90108179 (Fortun,Dale,Nes, Gaupne og Jostedal)
Sokneprest Mikael Bruun 57685641/40609941 ( Fet & Joranger, Hafslo, Solvorn)
besøksadr Pyramiden 2, andre etasje

Kyrkjeleg vigsel har og ei juridisk side. Det krev at formalitetane er i orden.

Og det er viktig å vera klar over at no skal alle papir i samband med vigsel leverast til FOLKEREGISTERET der ein av brudefolka bur.

Ordninga for vigsel gjev brudeparet høve til å setja eit personleg preg på den kyrkjelege handlinga i nært samarbeid med prest og organist, ein kan m.a velja mellom fleire skriftlesingar, og leggja inn ulike innslag med musikk og /eller symbolhandlingar som å tenna lys. For meir informasjon og nedlasting av ordningar for vigsel,kan de gå inn på http://www.kyrkja.no/ og klikka vidare der til brosjyre og naudsynte skjema til nedlasting,etc
 

Velkomen til vigsel!